Overnatting

<% totalFilter %> filter applicerade

Aktiviteter

<% totalFilter %> filter applicerade

Voss - bygd for sterke opplevingar

‭Er du klar for å bli med på eventyr?

‭Bygda vår er full av ekstreme kontrastar. Anten om det er natur, kultur eller sport som ligg ditt hjarta ‭nærmast, så lovar me å få det til å pumpa. På Voss vert du møtt av eit levande bygdesamfunn med eit mangfald av opplevingar å velja mellom.
 
‭Slepp deg ut av eit fly mange tusen meter over bakken. Kjenn på elva sine mektige krefter frå ein ‭raftingbåt. Svev over bakken i klatreparken. Fly som ein fugl i vindtunellen. Dans nedover fjellsida i kvitt pudder. La naturen ta pusten frå deg, og besøk ein av dei mange fjelltoppane våre. Dei ventar på deg.

‭Eller berre finn ro. Reis fleire hundre år attende i tid på Mølstertunet, Finnesloftet eller i Vangskyrkja. ‭Glefs i deg eit herleg smalahove med friskt vossabrygg attåt. Utforsk bygdesamfunna kring Voss, og kom endå tettare på den lokale kulturen. 

‭Velkomen til leikegrinda Voss. Kor vil du byrja?

map

<% totalFilter %> filter applicerade

Eventkalender