CBIS 5925573
CBIS 5925571
CBIS 5925572
CBIS 5925574
CBIS 5925575
CBIS 5925576
CBIS 5925578
Show full image

Ekstremsportveko

Ekstremsportsveko er verdas største ekstrem‭sportfestival, og kvart år kjem utøvarar og ‭publikum frå heile verda for å vera med ‭på den store festen med både sports- og ‭musikkarrangement.

I løpet av «veko» vert ‭det mellom anna konkurrert i elvekajakk, ‭fallskjerm, paragliding, hanggliding, freeride, ‭BASE og longboarding. Her er det alltid mange ‭halsbrekkande stunts å få med seg!

Teltet på ‭Prestegardslandet er det store samlingspunktet, ‭med filmvisning kvar dag og konsertar og ‭fest på kveldane.

Ideen om å arrangere ein ekstremsportsfestival på Voss starta då ein gjeng frå luft- og elvesportsmiljøet på Voss vart samla til fest ein sein haustkveld i 1997. Planen var å arrangere noregscupar i paragliding og rafting sommaren 1998, men etter festen vart planane endra. Dei vart einige om å samle aktivitetar innan sportane fallskjerm, paragliding, rafting og elvepadling i ein festival. Dette var starten på Ekstremsportveko.

Sidan 1998 har Ekstremsportveko opparbeida seg ein posisjon som eit av verdas største og mest suksessfulle ekstremsportsarrangement. I 2009 vart det arrangert nasjonale og internasjonale konkurransar i 13 forskjellige sportar. 1200 utøvarar frå 30 forskjellige nasjonar var representert på festivalen. I tillegg til å vere ein sportsfestival, er Ekstremsportveko også blitt ein populær musikkfestival. Kvart år huser dei store artistar innan sjangrane pop, rock, reggae og funk.

Ekstremsportveko skal vera open og inkluderande, der kjernen i arrangementet er at ein skal utfordra seg sjølv og naturkreftene.

Contact information

  • www.ekstremsportveko.no

Occasions

  • 23 June 09:00
  • 24 June 09:00
  • 25 June 09:00
  • 26 June 09:00
  • 27 June 09:00
  • 28 June 09:00
  • 29 June 09:00
  • 30 June 09:00