CBIS 5923595
CBIS 5923596
CBIS 5923597
CBIS 5923598
Show full image
Vossestrand

Klatre- og ziplinepark

Klatre- og ziplineparken ligg plassert i naturskjønne omgjevnadar ved Strandaelva.

Klatreparken inneheld totalt 6 løyper: 2 store og 4 små. Løypene har totalt 55 ulike klatre- og balansehinder der den høgste aktiviteten befinn seg meir enn 12 meter over bakkenivå!

Dei store løypene er for dei frå 10 år og 140 cm. For dei små løypene er det inga aldersgrense, men ein må vera min. 100 cm. Høgdeaktivitetane er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. Aktivitetane er fordelt på to løyper, slik at fleire grupper kan aktiviserast samstundes i parken.

Nytt i klatreparken er ein zipline-park med fem zipliner, den lengste på 150 meter. Ziplinene går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva.

I dei små løypene er ein heile tida kobla til ei sikkerheitsline, så ein treng ikkje å koble seg av og på for å prøve dei ulike elementa, slik som i den store løypa.


Krav til deltakarar:

Stor løype:
Minimum høyde: 140 cm
Aldersgrense: 10 år

Lita løype:
Minimum høyde: 100 cm
Aldersgrense: Ingen

Zipline-park:
Minimum høgde: 140 cm
Aldersgrense: 10 år
Maksimum vekt: 130 kg


* Deltakarar må ta med; Kle etter vêrtilhøve, solide sko.
* Du får låne av Voss Active; Klatresele, hjelm og anna sikringsutstyr.

Booking for grupper (utanfor faste opne dager): April - nov: Ved førehandstinging. (min 10 personar)

Contact information

  • www.vossactive.no
  • booking@visitvoss.no

Occasions

  • 04 May 10:00
  • 05 May 10:00
  • 11 May 10:00
  • 12 May 10:00
  • 18 May 10:00
  • 19 May 10:00
  • 25 May 10:00
  • 26 May 10:00

Map