CBIS 5925671
CBIS 5925667
CBIS 5925668
CBIS 5925669
CBIS 5925670
CBIS 5925672
CBIS 5925673
CBIS 5925674
Show full image

Vossa Jazz

Den kjende jazzfestivalen har blitt arrangert kvar einaste palmehelg sidan 1974.

Festivalen er kjend for å vera nyskapande, og her kan du høyra både jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Store namn frå inn- og utland kjem til Vossa Jazz kvart einaste år, og dei fleste konsertane finn stad på Park Hotel. "Tingingsverket" er eitt av høgdepunkta, der ein musikar får i oppgåve å komponera eit verk spesielt til festivalen.

Badnajazz, ungdomssatsinga UNGjaJAZZja, Eldrejazz, Superjazz for menneske med funksjonshemmingar og Ekstremjazz er alle viktige element i festivalen. Om lag 50 tilskipingar finn stad denne helga, med m.a. parade, kunstutstilling, gratiskonsertar og verkstader i tillegg til alle dei flotte konsertane.

Contact information

  • www.vossajazz.no