Hangurstoppen

Praktisk informasjon

 

1. Koma seg til Voss

Det er enkelt å koma seg til Voss. Bygda er eit trafikknutepunkt for tog og buss og ligg sentralt plassert på Vestlandet langs E16 i vegnettet aust/vest mellom Oslo og Bergen og langs innlandsruta sør/nord RV13 mellom Sandnes og Balestrand.

Bergen er hovudinnfallsporten for ankomstar til Vestlandet med fly, buss eller båt, både frå Noreg og utlandet. Om du er på rundreise i Noreg, så er det fleire stader du enkelt kan koma deg vidare til Voss med offentleg transport.

Med bil:

BERGEN-VOSS:

Rute: E16;  Arna, Dale
Kilometer: ca. 100 km
Tid: ca. 1 time 30 minutt

OSLO - VOSS:

Rute 1: Rv 52 via Hemsedal; Gol - Borlaug
Kilometer: ca. 396 km
Tid: ca. 6 timar 30 minutt

Rute 2: Rv7: Hardangervidda
Kilometer: ca. 380 km
Tid: ca. 6 timar

Rute 3: Rv 50;Hol - Aurland
Kilometer: ca. 382 km
Tid: ca. 6 timar

Rute 4: E16; Filefjell
Kilometer: ca. 420 km
Tid: ca. 7 timar

Med tog:
Det er mange daglege avgangar frå Oslo og Bergen til Voss. Togbillettar kan kjøpast på vy.no og her finn du òg togtider og prisar. Flåmsbana har eigne togtider.

Frå Bergen: 1 time og 10 minutt
Frå Oslo: 5 timar 25 minutt
Frå Flåm: 1 time 45 minutt

Med buss:

Voss er stopp for fleire gjennomgangsruter for ekspressbussar og rutebussar. Mellom anna kan du koma deg hit med buss frå stader som Lillehammer, Sogndal, Flåm og Gudvangen, Odda, Kvanndal og Ulvik. 

Sognebussen: Sogndal - Voss - Bergen (sjekk www.skyss.no)
Øst-Vestekspressen: Lillehammer - Voss - Bergen
Haukeliekspressen: Oslo - Åmot - Haukeli - Odda* - Bergen

* Byte i Odda for buss til Voss.

 

2. Parkering og ladepunkt på Voss

 

Parkering på Voss

Parkering

I Voss Sentrum er det nærare 1300 parkeringsplassar, så her vil ein som regel alltid finne ein ledig parkeringsplass i sentrum eller nært sentrum. Unntaket er når det er store arrangement i bygda.

VossaPark er parkeringshuset på Voss, som rommar 288 parkeringsplassar og er døgnope. Dette finn du midt i sentrum ved Circle K.

Kor mykje kostar parkering på Voss?

  • Maks p-tid på 3 timar: 15 kr per time
  • Døgnplassar: 40 kr per døger

Ver merksam på maks p-tid på dei ulike stadane/plassane, og at billett kjøpt for eit døger ikkje er gyldig på plassar/ stader der maks p-tid er sett til 3 timar.

Kor lenge kan bilen stå?

  • Maks p-tid på 3 timar: I gatene og på plassar i eller nær sentrum.
  • Maks p-tid på 8 timar: Tinghusplassen
  • Maks p-tid på 1 døger: Holbergsplassen, Fredheim, Idrottsplassen, Utebassenget/Idrottsvegen, Strengjarhaugen/Ole Bull Akademiet, og ved Langabrua.
  • Maks p-tid på 7 døger: Voss Sjukehus. Plassar bak "Bodega" og bakgate mot vest til el bil-ladar. 
  • Maks p-tid 14 døger: Voss Stasjon (innkøyring via Gullfjordungsvegen), og NSB tomta austre del (oppkjøring bak "Bodega").
  • Parkeringshuset VossaPark er staden å parkera dersom du skal vera vekke ei stund. Ligg bak Circle K i sentrum.

Når må du betala avgift for parkering?

  • Måndag - fredag:  Mellom kl. 09-17
  • Laurdag: Mellom kl. 09-15. Gratis parkering på utvalgte stader frå kl. 10.
  • Sundag: Gratis, med unntak av langtidsparkering.  

NB! Billettautomat ved parkeringsplassen. Hugs å plassera billetten godt synleg i frontruta.

Hurtigladestasjonar for el-bil

  • Tinghusplassen: Hurtigladestasjon med åtte stk 50 kW-ladarar.
  • Amfi-senteret: 1 ladepunkt, tre ulike kontaktar. 
  • YX-stasjonen på Skulestadmo: 2 ladepunkt, tre ulike kontaktar. 
  • Esso på Vinje: 2 ladepunkt. 
  • Rema 1000 Palmafossen: 2 ladepunkt.
  • Parkeringshuset VossaPark har 8 ladepunkt, men dette er ikkje hurtiglading

 

3. Viktige telefonnummer

 

Naudnummer:   
110 (brann)
112 (politi)
113 (ambulanse)

Legevakt: 116 117

Voss sjukehus: 56 53 35 00

Politi (Voss Lensmannskontor): 56 52 87 00

Voss bilberging: 56 51 53 00

Viking Redningsteneste: 56 51 27 00

Tannlege: 56 53 23 50

Voss Taxi: 56 51 13 40 (ring 93 24 98 44 for maxi-taxi)

Hestavangen dyreklinikk: 56 51 54 00 (56 51 16 84)

Treng du overnatting?

<% totalFilter %> filter applicerade