Voss Gondol botnstasjon
Voss Gondol toppstasjon

Voss Gondol opnar sommaren 2019!

Juli 2019 opnar den nye gondolbanen på Voss, som skal erstatta den ærverdige Hangursbanen (Dinglo og Danglo) som vart lagt ned i 2015. Gondolen tek deg opp til skisenteret Voss Resort. Dette markerar ein ny epoke for reiselivet på Voss, og vil styrkja Voss som regionsenter. Gondolen tek deg opp til skisenteret Voss Resort.

I motsetnad til Dinglo og Danglo som hadde botnstasjonen litt oppe i bustadfeltet, vil den nye gondolen ha start nede med Voss stasjon. Du kan altså gå rett frå toget eller bussen, inn i gondolen, og vera på Hangurstoppen sju minutt seinare!
 

Nokre korte fakta om den nye gondolen:

  • Kapasitet: 1069 personar per time
  • Kabinar: 9 stk
  • Kapasitet per kabin: 34 personar
  • Høgdeskilnad: 763 meter
  • Toppstasjon: Hangurstoppen (820 moh)
  • Lengd: 200 meter
  • Reisetid: 6 min 48 sek
  • Type gondol: Leitner Ropeways 3S

 
På toppen av gondolen kjem det også ein ny restaurant, med plass til 450 personar. Dette er rett attmed der som Expressheisen kjem opp frå Bavallen.

Byggestart for gondolen var i januar 2018. Total kostnadsramme for prosjektet er kring 300 millionar kroner.

For bestilling og meir informasjon - besøk www.vossgondol.no!
 

Scandic Voss

Nytt hotell på veg

Like attmed Voss stasjon og den nye gondolen vil det koma eit nytt, stort konferansehotell som opnar januar 2020. Hotellet skal ha 216 rom og møtefasiliteter for 350 personar, noko som vil dobla hotellkapasiteten på Voss. Det er Scandic som skal driva det nye hotellet, som vil få namnet Scandic Voss.

Check out the accomodation in Voss here:

<% totalFilter %> filter applicerade

Want to go hiking? These are the best guided hikes in the region:

<% totalFilter %> filter applicerade